4. sep. 2019

Sanger om våpen

av Jennifer Clement

Gyldendal, 2019

Pearl, 14 år, bur i ein fuktig bil i ein bilpark i Florida. Ho har rommet sitt i forsetet og mora Margot i baksetet. Mora kjem frå ein rik familie men flytta hit i hemmelegheit da Pearl var nyfødd. Ho arbeider som reinhaldar på ein heim for krigsveteranar.

Dashbordet i bilen er eit imaginært piano, og bagasjerommet er fullt av minne frå livet til mora. Dei lever på pulvermjølk, insektspray og kjærleiken til kvarandre. Pearl er ikkje registrert i noko register, så da ho skulle begynne på skulen hjelpte foreldra til venninna April May til slik at ho fekk ein fødselsattest. Pearl og April May går på søppelfyllinga for å leite etter skattar. Dei utfordrar kvarandre om å våge og sitte på bryggekanten med beina i vatnet, der det er alligatorar.

Når mora forelskar seg blindt i pastorens venn Eli Redmond, klarar ho ikkje ta seg av dottera. Pearl går da ofte til meksikanske Corazón som tek seg av Pearl. Corazón elskar å pusse våpen og høyre på når Pearl syng. Og mora får den finaste gåva ein kan få av sin elskar: ein liten pistol.

Mora dør og Pearl blir henta av barnevernet og plassert i ein midlertidig fosterheim. Her blir ho kjent med Leo, 17 år, og Helen, 6 år. Dei blir gode vener, men Pearl føler at ho ikkje høyrer heime her. Corazon kjem og hentar ho, tek ho med til Mexico og livet tek ei ny retning.

Sanger om våpen er ei sterk og brutal forteljing om kjærleik, om å høyra til, om vald og våpensmugling, resultatet av liberale amerikanske våpenlover. Boka vart nominert til National Book Award i 2018.

Omsett av Tone Formo.

Jennifer Clement er ein amerikansk-meksikansk forfattar og debuterte i 2000. Det internasjonale gjennombrotet kom i 2014 med romanen En bønn for de bortførte (på norsk i 2015).

Sanger om våpen er ei av mange fine omsette bøker biblioteka får frå innkjøpsordninga til Kulturrådet.



Hanne Gran
Skjåk folkebibliotek



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...