15. jan. 2014

Du skal elske lyset

av Margaret Skjelbred



Alva er åtte år då ho brått mistar faren sin i ei arbeidsulykke. Medan mora forsvinn inn i ei sorg så djup at ho nesten ikkje er i stand til verken å sjå eller ta omsyn til barna sine, flytter den  reduserte familien attende til besteforeldra i mora si heimbygd. Alt Alva har forbundet med livet; lyset, gleda, latteren er med eitt reve bort frå henne. Her er ein verden prega av streng religiøsitetet, av forbod og forteiingar. 
Spesielt bestefaren, som er strengare enn Gud sjølv, står fram som ein skremmande figur for Alva. Kjærleik, omsorg og verkeleg nærheit er fråværande i bestefaren sine humørlause formaningar og mon tru om han ikkje eigentleg foraktar både dottera og barnebarna på grunn av dei valga dottera gjorde då ho gifta seg med ein mann utanom Menigheita?

Vesle Alva, som etterkvart veks til og kjem i tenåra, kjenner inni seg kva som føles riktig og kva som føles galt, men det er ikkje alltid at dei vaksne følgjer desse spelereglane. Dette forvirrar henne, men ho ikkje har nokon å gå til for å spørja. Dermed står ho i fare for å få øydelagt den naturlege rettesnora i livet - magefølelsen - fordi ho aldri får bekrefta at ho «føler rett".
Redninga blir på mange måtar alle minnene ho har frå tida saman med faren, og at faren dukkar opp i ei slags trøsterolle i fantasien hennar  kvar gong ho har behov for det.

Boka handlar og om Alva si mor, som i si tid forlet alt det dystre i heimbygda for å få eit betre liv fylt av kjærleik og varme, men som etter at mannen hennar døyr må vende heim til alt ho i si tid tok avstand frå, det er ein høg pris ho betaler for dette.
Forteljarstemma vekslar gjennom boka - nokre gonger er den mora si, andre gonger barnet Alva si. Etter kvart slepp fleire stemmer til, blant anna ei aldrande Alva som i realiteten er den som fortel historia om barndommen sin og fylgjene det fekk for familien hennar då faren døydde.

Ei vakker bok om barn si evne til å overleve. 
Grethe Stavheim Mømb
Lesja bibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...