26. feb. 2014

Arkitekt

av Merethe Lindstrøm


Jeg kikker på tanna i speilet da telefonen ringer. Stemmen din kommer gjennom røret, liten og tynn, du gjør deg yngre enn du er. Ikke gjør deg til, har jeg lyst til å si, hvorfor gjør du deg til. Du sier du har noe å spørre om, men du forteller det ikke med en gang. Du drar det ut, venter, som om det er en overraskelse, men det er aldri en overraskelse.
Mamma, sier du. Kan jeg ikke ha med noen hjem?

Vi er inne i Merethe Lindstrøm sitt novelleunivers, nærare bestemt i novella Bestevenn i den nye boka, Arkitekt. Vi møter aleinemora og dottera som blir ljos og glad i stemma, ho har fått ei ho kan kalle bestevenn som ho vil invitere med heim til den tronge og rotete leiligheita. Det handlar om bestevenninna som vil sjå film, om å låne videospelar hos naboen så bestevenninna ikkje skal tenkje at vi er rare som ikkje har spelar. Det handlar om mora si rotna tann. Bestevenn er tannverk i skriftleg form, ein verk som smertar i heile kroppen, eit langtrekt Au gjennom heile novella.

Lindstrøm er mest kjend for romanen Dager i stillhetens historie som ho vart løna med Nordisk råds litteraturpris for i 2012. Ho kunne knapt funne ein meir dekkjande tittel for å skildre forfattarskapen. Lindstrøm skriv lågmælt med stor sprengkraft, ein skarpskyttar som skyt med lyddemping. Ho skriv om relasjonar, om einsemd, angst, om det usagte mellom menneske. Når eg les Lindstrøm, tenkjer eg på glatt, mørkeblå silke, på kjøleg eleganse, og eg tenkjer at dette stoffet er blant dei aller finaste i verda i sitt slag.

Rita Mundal
Lom folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...