25. nov. 2014

Sånn ble det

av Maren Uthaug


Romandebutanten Maren Uthaug er halvt samisk, halvt norsk og oppvaksen i Danmark, akkurat som hovudpersonen i boka, Risten. Men sjølve dramaet i boka er ikkje sjølvbiografisk i følgje forfattaren.
Norske Knut og samiske Rhitta skil lag og Knut tek med seg dottera Risten og dreg frå Kautokeino til si nye venninne Grethe i Sønderjylland. I bagasjen ber Risten med seg sine samiske røter. Bestemoras sterke  tru på dei underjordiske, respekten for nordlyset - og at sølv beskyttar. Men mest av alt ber ho med seg kjensla av å ikkje høyre til.
«Inntil hun flere år etter hadde lært dansk med perfekt uttale, utviklet hun et ordforråd som var støvsugd for ord med «r» Rød var ikke lenger en mulighet som yndlingsfarge dersom noen ville vite det. Og ble hun spurt hvor mye to pluss to var, påsto hun uten å blunke at det var fem og ikke fire. Det var bedre å være dum enn å være annerledes»
Risten får ikkje noko godt forhold til den misforstått velmeinande adoptivmora men i kjellaren husar Grethe nokre vietnamesiske båtflytktningar og blant desse er Niels, ein gut som kjenner seg like framand og aleine som Risten. Eit varmt venskap og sterke band veks fram mellom desse to.
Først som vaksen møter Risten att mora si i Norge. Dette møtet blir ikkje som forventa og det viser seg at ikkje noko var som Risten hadde trudd.

 Uthaug skildrar menneskelege handlingar og drifter rett fram og utan filter. Tematikken i boka er alvorleg men ofte ispedd svart humor. Her er ingen romantisering rundt den samiske kulturen, snarare tvert i mot. Nokre av karakterane står fram som nærmast karikerte og mistar etter mi meining noko av truverde, men alt i alt er dette ein medrivande og interessant leseoppleving som eg kan anbefale.


Tove Jøndal
Hjerleid bibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...