2. sep. 2015

Din, alltid

av Gøhril Gabrielsen


Ei jente bur i lag med foreldre som kranglar mykje. Foreldra har eit intenst kjærleik/hat-forhold som gjer at dei knapt ensar dottera si; dottera blir nærmast ein tilskodar å rekne. Da jenta er 12 år får ho ein lillebror. Frå no av er ho ikkje lenger åleine om å søkje oppmerksemd frå foreldra. Samstundes får og likar ho å ha omsorg for veslebroren sin. Mor stolar på at ho klarar dette; jenta får stelle han og mor kallar henne den vesle hjelparen sin. Ein dag foreldra kranglar og veslebroren græt, så skjer det noko fatalt; noko som vil påverke og styre jenta sine avgjersler seinare i livet.

Boka er for det fyrste lett å lese, men ho kan verkeleg vere ein liten roman om dei store, universelle spørsmåla, dei universelle kjenslene. Boka teiknar eit dramatisk bilete av familieoppbrot og forholdet mellom mor og dotter; vi snakkar makt, kjærleik, det å kjenne på ansvar gjennom sine roller. Boka skildrar augneblink og situasjonar på ein truverdig måte. Ho skildrar kjenslevart, presist og sterkt om korleis det er å leve med skuldkjensle og korleis denne kan påverke vala vi gjer i livet. Boka har ein open slutt.

Ei nydeleg, men samstundes ei hjarteskjerande bok – verdt å få med seg!



Ann Kristin Leirmo
Lesja bibliotek



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...