av Øystein Orten
Samlaget, 2016

Johannes ber på ei stor sorg og vonde samvitskvalar som tyngjer han, men gjennom brevet får vi også innsyn i andre djuptgripande hendingar gjennom livet hans. Under skrivinga går det fram at det er viktig for han å skildre heile historia si, og han tek oss med heilt tilbake til yngre dagar i bestefaren sitt liv. Slik skriv han seg fram til den andre verdskrigen, som på sitt vis går att gjennom mykje av boka.
Gjennom ein vidunderleg nynorsk skriv Orten fram ei nydeleg, sår historie krydra med poetiske vendingar som kling godt i den velskrivne romanen. Først langt ut i boka får lesaren svaret på kven Rosalin verkeleg er, jenta Johannes skriv brev til etter alle desse åra, og slik bli spenninga i romanen utløyst og gjev svar på alle kvalane den gamle mannen har slitt med gjennom eit langt liv. Boka er ei lita perle som fortener mange lesarar.
Merete Byrøygard
Lom folkebibliotek
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar