9. mai 2018

Når tiden er inne

av Michela Murgia

Pax forlag, 2018

- Si aldri: "Av dette vannet vil jeg ikke drikke." Du kan lett komme til å befinne deg i baljen uten å vite hvordan du er havnet der (s. 149).

Maria Listru er det fjerdefødde barnet i ein fattig familie på Sardinia, og blir rekna som «(...) feilen etter tre riktig utførte ting» (s. 5). Seks år gamal blir ho fosterbarn hjå ei eldre syerske, som sjølv er barnlaus. Maria knyter sterke band til fostermora Tzia Bonaria Urrai. Det hender at Bonaria blir kalla ut på natta for å hjelpe andre folk i landsbyen, men kva denne hjelpa består seg i, det ser det ut til at alle andre enn akkurat Maria veit. Maria er ikkje gamal nok til å forstå alt, men etter kvart meiner ho sjølv ho har like stor rett som andre til å vete kva som skjer. Bonaria er vald ut av lokalsamfunnet til rolla som accabadora - "ho som fullfører", men på eit tidspunkt bryt ho den "moralske kontrakten" med det katolske samfunnet. Kva skjer når Maria finn ut kven fostermora eigentleg er?

Trass i at boka har ein mørk undertone, blir ho likevel vakker og stemningsfull, sjå berre i kontrasten mellom livet og døden. Boka er truverdig i miljø- og personskildringane sine. Ho er detaljert og har eit knippe symbol og bilete. I romanen er vi i ein landsby på Sardinia på 1950-talet, og den katolske trua står sterkt i samfunnet. Dette kjem tydeleg fram i teksten gjennom tilvisingar til katolske helgennamn, relikvium og ikon, da med kanskje særskild oppmerksemd til jomfru Maria. Det er mest truleg ikkje tilfeldig at Maria har fått akkurat det namnet ho ber.

Kanskje kan dette vere ein slags oppvekstroman. Lesaren fylgjer Maria frå ho er lita til ho sjølv kan gjere opp si eiga meining, og stå til ansvar for eigne handlingar. På eit punkt i romanen reiser Maria inn til det italienske fastlandet og byrjar jobbe som barnepike. Kvifor gjer ho det og kva da når ho etter ei tid får melding om at fostermora har fått slag og kanskje kan døy? Romanen får oss til å tenkje over det omdiskuterte temaet aktiv dødshjelp. Etikk og moral står i høgsetet. Spørsmålet blir kva som er rett og gale, og korleis er høvet mellom ordet, tanken og gjerninga? 

Boka er omsett frå italiensk av Tommy Watz og har vunne prisar etter at ho kom ut i 2009.

Ann Kristin Leirmo
Lesja bibliotek


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...