7. juni 2018

Finna kyrkjedøra i meg

av Per Helge Genberg

Vigmostad Bjørke, 2018



"Sommarnatt; eg ligg og ser innover i rommet. Livet, slik det skal bli, teiknar seg av i kubikkmetrane med luft mellom meg og den bortaste veggen. Eg har nett fylt tretten år og skulle ikkje måtta gå inn hit. Inn i vissa. Inn på vegen over fjell, varda med einsemd."

Hovudpersonen i denne romanen vaks opp på ein gard langt frå andre. Utan sysken og lite vant med andre barn var det ikkje så lett i finne seg til rette saman med dei andre på skulen.
Han oppdaga tidleg at han var homofil,  i ei tid da dette var veldig skambelagt. Og med ingen å tru seg til.

Men alt er ikkje trist. Dette er også ei forteljing om kjærleik, gudstru og bondens forhold til gard, jord og dyr.

Ein fin, liten sjølvbiografisk roman med mykje innhald på og mellom linjene.



Hanne Gran
Skjåk folkebibliotek




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...