1. juni 2018

Premien for alt

av Ingvild Holvik
Samlaget, 2017

Mali Fredrikke Sjursen er ei aldrande dame omgjeve av sine næraste, men som likevel kjenner på einsemda og angsten i det å bli gammal. Kroppen er i forfall, ho er redd for å dette, fryktar ho skal tisse på seg før ho når fram til klosettet, og ho dregst med vonde tankar frå oppveksten og vaksenlivet. Før Mali vart fødd, mista foreldra ei dotter, og heilt frå ho var lita har Mali hatt ei kjensle av at ho berre var ei erstatning for den systera som døydde. Saknet av denne systera ho aldri fekk møte følgjer henne gjennom heile livet. Fosterbroren ho får seinare i barndomen blir plassert på ein skule for vanskelegstilte elevar på Lægerøya, der tilhøva seinare skal vise seg å vera kritikkverdige. 

Sjølv hadde Mali fleire abortar før ho vart mamma, og då sonen Thomas endeleg vart fødd, var han "premien for alt". Ho misser derimot også kontakten med Thomas når han veks til, og nok ei tung livsrøynsle lyt ho bere med seg vidare.

Romanen ber preg av indre monolog, der fortid og notid går i kvarandre medan Mali sit og tenkjer attende på livet som var medan ho tek seg ein røyk. Etter ein luftvegsinfeksjon blir ho innlagt på ein pleieheim, og får der vanskar med å innrette seg rutinane og den nye kvardagen. 

Holvik skriv meisterleg godt og nært om alderdom; det er både sårt og humoristisk, intelligent og gjenkjenneleg, og boka gjev eit intimt og viktig portrett av eit levd liv, der det usagte blir liggjande og ulme mellom menneske som står kvarandre nær. På mange vis ei bok som har parallellar til Det gode vi ikkje gjer av Ragnhild Kolden, sjølv om temaet er eit heilt anna. Verkeleg ein roman som bør nå fram til mange!

Merete Byrøygard
Lom folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...