22. juni 2018

Gauphosta

av Bjørnar Bergem

Gyldendal litteratur, 2017


"Døkk hatte eti grønnsaken. Døkk har bærre søtti utafor Esson og sylta opp magafettet. Satanista kom uinvitert på middag og satte seg i den bæste stolen og tok det møreste stykket tå æljen. Ingen protesterte. Ei tøs spredde fitta i satanistkjerra og hu gjekk fri. Benskjøre små drittunger. Du er dæskøtten meg den verste. Dom kverka katta di og å gjorde du? Ittno."

Bjørnar Bergem sin debutroman er heilt vill. Språket er hardbarka og på Østerdalsdialekt, det er rått og brutalt, humoren er svart som ei novembernatt. Vi fylgjer eit knippe vanskjøtta barn og ungdom frå fattige og dysfunksjonelle familiar. For dei unge er det om å gjera og ikkje bli eit mobbeoffer, det er lett å få kallenavn. Gauphosta rir bygda, og dei fleste som får han døyr. Kvar kjem sjuka frå, er det dei nyinfløtta satanistane som står bak? Partering av dyrelik, ildspåsetting, død og særleg ein stygg valdtekt av ein ung gut, gjer dette til ei bok som kan skremme vatnet av dei som er litt lettskremde. 


Are Flaten
Lom folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...