25. juli 2018

Ved livets bredd

av Antonia Pozzi
Solum forlag, 2017

Ein gråkald desemberdag  i 1938 vart ei ung kvinne funnen livlaus utanfor klostermurane ved den italienske landsbyen Chiaravelle utanfor Milano. Det var den 26 år gamle Antonia Pozzi som ikkje lenger heldt ut livet, og hadde valt å avslutte det med ein dose sovepiller. Antonia voks opp som einebarn i ein velståande familie, og ho vart tidleg introdusert for kunst og kultur, med hovudvekt på musikk. Ho var ei sporty jente som utmerkte seg i typiske overklasseidrettar, men som seinare fekk stor interesse for fotografi og fjellklatring. Mora sytte for at den særs intelligente dottera fekk plass på nonneskulen, og allereie som 11-åring begynte ho på gymnaset. 

Som 15-åring forelska Antonia seg djupt og inderleg i den over dobbelt så gamle læraren sin, Antonio Maria Cervi, og kjærleiken skulle vise seg å vere gjensidig. Då Cervi til slutt tok mot til seg og ba om å få gifte seg med Antonia, vart faren rasande, og brotet mellom dei to elskande var eit faktum. Dei heldt likevel fram med å møtast i skjul, men livet for dei to vart vanskeleg, og Antonia gjekk inn i fleire djupe depresjonar. Ho vart trass desse problema særs godt utdanna, hadde eit stort sosialt engasjement, og skaffa seg etter kvart ei stor samling bøker. 

Etter dødsfallet viste det seg at Antonia hadde over 300 upubliserte dikt liggjande; kjenslevare og naturnære tekster om lengsle, kjærleik, depresjon og håp. Sjølv fekk den unge poeten aldri oppleve å sjå nokon av dikta sin på trykk.

"Ved livets bredd" er den første samlinga av Pozzi som er utgjeven på norsk, vakkert gjendikta av Tommy Watz. Boka  spenner over heile forfattarskapen hennar, og har eit utfyllande etterord som fortel mykje om den særeigne forfattaren. I dag er Pozzi rekna som ei av dei mest originale stemmene i italiensk litteratur, med dikt og eit liv som gjer djupt inntrykk på lesaren.

Merete Byrøygard
Lom folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...