2. aug. 2018

Vi spring ikkje slik vi sprang

av Gjertrud Langva
Samlaget, 2018


Vakkert, brutalt og eventyrleg
Ein debutroman frå Gjertrud Langva som er både dystopisk og samstundes realistisk. Her er ikkje eventyret om Hans og Grete langt unna. Historia er fortalt i eit barneperspektiv og den går føre seg i eit mytisk skogslandskap.

Ein morgon vaknar bror og søster åleine i huset i skogen. Foreldra er sporlaust forsvunne, og søskena byrjar å leite etter dei.
Barna klarar seg som best dei kan, medan dei fabulerer om kvifor foreldra har reist sin veg. Stort sett går fantasiane ut på at dei har vore utsett for ei ulykke.

Dei byrjar å utforske ukjende rom i huset og det tidlegare forbodne landskapet omkring. Dei teiknar eit kart som blir utvida etter kvart som dei gjer seg kjende. Tida går, barna overlever på mat dei finn i skogen og mat som er lagra i kjellaren. Dei går saman når dei skal i kjellaren, det er skummelt å gå dit einsleg. Kvardagen ber ikkje lengre preg av latter og leik, no må dei tenkje på kva dei skal gjere for å unngå å bli matlause, klelause og skolause.

Vi får aldri vite kvifor dei er åleine. Kva har skjedd med foreldra?

God bok!

Sigrun Eide 
Skjåk folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...