5. aug. 2018

Slik natten er: fortellinger fra Aleppo

av Niroz Malek

Solum, 2017


Dette er ei bok med 26 korte forteljingar forfatta mellom januar og juli 2014, på tidspunktet då krigen herjar som verst i Syrias største by, Aleppo. Forfattaren gjev oss med denne vesle boka eit annleis vitneprov på den brutale røyndommen enn det vi er vande med frå tv-skjermen og avisene. Dei korte tekstane nærast som små dagboksnotat å lese, vitnar om, ikkje det politiske, men det menneskelege i eit samfunn i krig. Historiene strekkjer seg frå det litt magiske til det djupt røyndomsnære og dannar til saman eit sterkt og gripande bilete. Her er fantasi, draumar og minne; fortid er fletta saman med notid. Sjølv med krigen som bakteppe og tekstar som lett kan bli dystre, er desse forteljingane ispedd slik ein finurleg humor som tvert om lyftar og gjev von.

I ei tid der krig synest ustoppeleg i utsette delar av verda, blir boka eit viktig tilskot til debatten kring temaet.

Omsett frå arabisk av Kjersti Enger Jensen.



Ann Kristin Leirmo
Lesja bibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...