31. jan. 2019

Hestvik

av Gerður Kristný
Aschehoug, 2018


Psykologisk spenning frå Island
Vi skal til ei lita og nedsliten sommarhytte som Elin har arva frå sine avdøde foreldre.Til dagleg kjempar ho med å få orden på livet sitt. Ho har hjarteproblem og skal snart opererast. Ho er i ei økonomisk knipe og far til sonen hennar pressar på for å få foreldreretten.


Elin ser seg nøydd for å selje hytta, men fyrst vil ho vere her ei helg saman med sin 12 år gamle son, Dóri. Han er her for fyrste gong og Elin er ivrig etter å syne fram sitt barndoms paradis. Ho elskar å vere her, men Dóri kjedar seg, hytta har verken straum eller tilgang til nett.
Når dei vaknar fyrste morgonen, finn dei ei lita jente som sit på verandaen. Ho har på seg ei regnkåpe som er heilt lik den Elin hadde da ho var lita. Den har til og med den same flekken på lomma. Det viser seg at jenta har asperger syndrom og er dottera til Haukur som er ein tidlegare klassekamerat av Elin. Dei har ikkje møttest sidan dei gjekk i same klasse på barneskulen. Han var ein av mobbarane på skulen og den verste bølla du kan tenkje deg, Elin var ein av medløparane.
Elin blir invitert heim til Haukur og kona, Kita, same kveld. I løpet av kvelden forsvinn dottera til Haukur. Når Elin kjem heim til hytta, er også sonen Dóri forsvunne.
Allereie i byrjinga av historia er det som om noko ikkje stemmer, eller er det forteljarstemma til Elin som ikkje er påliteleg? Stemninga er i alle fall  uhyggeleg…

Omsett av Tone  Myklebost.

God bok!

Sigrun Eide
Skjåk folkebibliotek



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...