23. jan. 2019

Kinderwhore

av Maria Kjos Fonn
Ascehoug, 2018


Charlotte veks opp i ei møkete lita leilegheit saman med mora, som er avhengig av store doser piller for å halde ut kvardagen. Den vesle jenta med interesse for litteratur og skriving er overlaten til seg sjølv i ein heim der "fedrar" kjem og går, og då ho som 12-åring opplever å bli stygt misbrukt av ein av desse mennene, finn ho fort nytten i pillene mora har i skapet. Med pillene skrur Charlotte av kjenslene sine, og kroppen hennar blir ein gjenstand ho ikkje opplever som sin, men som ein reiskap ho etterkvart nyttar for å få tilgang til dop. Etter eit sjølvmordsforsøk havnar ho i barnevernet under oppfølging av ungdomspsykiatrien.

"Jeg likte å trikse med hjertet mitt. Få det til å slå fortere av pepper, eller saktere av Sobril og Rivotril, eller begge deler på én gang. Legge det på bordet, klart til å bli misbrukt" (s. 154).

Romanen er ei skremmande skildring av eit forsvarlaust barn utsett for grov omsorgssvikt og brutal mishandling, fortalt i eit direkte og ærleg språk meisterleg fletta saman av varierte scener, stutte observasjonar og skarpe setningar. Med kløkt og innsikt har Kjos Fonn skrive ei oppsiktsvekkjande sterk og smertefull bok som burde vore pensum både på vidaregåande og blant foreldre. Ein sterk nominasjon til fjorårets Bragepris!

"De sier brent barn skyr ilden, men min erfaring er at brente barn blir pyromane" (s. 170).

Merete Byrøygard
Lom folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...