av Lars Amund Vaage
Oktober, 2012
«Den eg skriv dette til kan ikkje lesa. Ho kan ikkje
skriva, og ikkje snakka heller, endå om dei fremste fagfolka i landet har prøvd
å læra henne dette i mange år.(s. 5)» Slik
startar boka som fekk Brageprisen i 2012, og eg skjønar godt kvifor. Dette er
ei tankevekkjande skildring frå ein far om det å ha ei dotter med autisme, ei
skildring om eit anna språk. Boka er godt skriven, er poetisk, open og
innsiktsfull. Vi får oppleve skiftet mellom glede, sorg, fortviling, tankar om korleis
far og mor prøver å handtera dette, det å ha ei lengt etter eit «normalt» familieliv.
Og for å bruke Vaage
sine ord: Korleis forstå nokon som ikkje let seg forstå? Dette er i allefall
eit godt forsøk.
Ei anna viktig bok som må nemnast når vi fyrst snakkar om dette temaet, er Olaug Nilssen si bok Tung tids tale. For denne vann ho Brageprisen i 2017. Omtala for denne boka kan du òg lese her på bloggen.
Anbefalast!
Ann Kristin Leirmo
Lesja bibliotek
Ann Kristin Leirmo
Lesja bibliotek
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar