11. feb. 2019

Seg til inkjes

av Lars Svisdal

Gyldendal 2018


Dette er ei bok der handlinga er lagt til eit lite bygdesamfunn. Det handlar om å vera ung, om vanskelege familieforhold, gamle tradisjonar og gryande vennskap.

Attenårige Gjøa er på tur opp til ei turisthytte på Nord-Vestlandet der ho har fått sommarjobb. Der møter ho ei anna jente som og skal jobbe der, Therese, og vertskapet på hytta, ekteparet Olaug og Gunnar. Gunnar er av den pratsamme sorten som pratar mykje, men gjer lite. Olaug må derfor ta ansvar for det meste og er blitt ei inneslutta og bitter kvinne. Dei har sonen Ingebrigt som er heime fra studiar.

Gjøa kjem frå ein heim der faren har flytta ut og fått seg ny sambuar. Gjøa føler seg svikta og har mista det trygge fotfestet som heimen innebar. Ho har etter at det skjedde levd eit utsvevande liv og gjeve blaffen i det meste. På turisthytta får ho etter kvart god kontakt med Ingebrigt som også har eit komplisert forhold til foreldra sine. Han har studert i fleire år, men kjem aldri så langt at han får fullført masteroppgava.

Det er fleire forteljarstemmer i boka, vi møter også dyrlegen i bygda og folka på nabogarden Svervad. Mellom turisthytta og dei på Svervad har det vore uvenskap i fleire generasjonar og i løpet av den sommaren vi følgjer desse folka tilspissar det seg.

Boka har eit godt språk og inneheld livaktige skildringar av livet til folka vi møter. Lars Svisdal er debutant, men har levert ein engasjerande og absolutt lesverdig roman.

Bodil Vorkinn
Dovre folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...