24. apr. 2019

Effekten av måneskinn på nyfallen snø

av Tove Braathen
Vigmostad Bjørke, 2018

Samarbeidet mellom Margot og den resultatorienterte rektoren på den vidaregåande skulen ho arbeider på har gått heilt i stå. I tillegg har ho nyleg flytta frå Majorstua til Grorud, etter at mannen hennar fann ei anna kvinne han likte betre. Margot er utbrent, kjenner seg svikta og åleine, og møter på Grorud eit heilt anna lokalmiljø enn ho er van med. Blokka myldrar av innvandrarar, og ved inngangen til senteret står ei SV-kvinne kvar dag og deler ut ferske bollar og ber om underskrifter til kamp for det lokale biblioteket. 

Margot har lite kontakt med andre, men kjenner ei nyfikne og ei aldri så lita dragning mot skogholtet, der ein gjeng alkoholisterte menn kvar kveld samlast rundt eit bål med ølboksane sine. Den aldrande Vera bur i same blokk, og med sine løyndomar og pussige framferd, blir dette også ei dame Margot etter kvart involverer seg litt motvillig i.

Romanen boblar av forteljarglede, og Braathen skriv fram fenomenet multikulturalisme sett frå ståstaden til etniske nordmenn med ein humoristisk snert. Det er både sår, morosam, underhaldande og spennande lesnad som vil fenge mange lesarar både i by og bygd. Ei varm forteljing med gode karakterar av ein dyktig skribent som fortener mykje merksemd!

Merete Byrøygard
Lom folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...