16. apr. 2019

Min ulydige mor

av Therese Lund Stathatos

Panta, 2018


Helene er eit svært begava barn. Ho spelar Griegs a-mollkonsert som 11-åring, og mange forventar mykje av henne. Men kor mykje av forventningane ligg i omgjevnadane, og kor mykje ligg i ho sjølv? Utan at foreldra hennar veit at ho er der, overhøyrer ho ein dag mora rope at ho angrar på det livet ho har valgt. At ho eigentleg er skapt for å gjere noko meir enn å vere kone og mor. Dette blir heilt grunnleggande for korleis Helene resten av livet ser på mor si. Og det er med på å bestemme korleis ho skal leve sitt eige liv. Ho gjer sjeldan noko utan å tenkje på kva andre synest om det, ho følger innfall og påverking frå menneske, og spesielt menn ho møter, men samtidig er det ein motstand i ho som fortel ho at ho må velge sjølv. Ho vil så gjerne bestemme i eige liv, men viser seg ofte å vere for usjølvstendig. Denne motsetninga i Helene gjer at det blir vanskeleg for henne å stå for dei vala ho tek.

Vi følger Helene frå Oslo, til Athen, Paris og Ytre Rendal. Det er norsk natur og store byar. Det er trangen til å utforske nye stader og lengselen heim att. Vi møter spennande menneske som utfordrar Helene på ulike vis. Og vi møter etter kvart ein liten familie som Helene må prøve å finne sin plass i. 
Dette er ein roman som sluker lesaren. Stathatos fortel så naturleg om desse menneska vi får møte at vi blir drege med på alle veival og innfall. At dette er skrive av ein debutant er ganske utruleg. 

Signe Thoresen Rolstad
Dovre folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...