4. mai 2019

Svartstilla

av Susanne Skogstad
Gloria forlag, 2018


Nydeleg, sårt og vondt om sorg

I denne historia møter vi ei gamal dame som kjempar for å halde fast ved alt som har vore etter at ektemannen hennar har gått bort. Ho kjenner ei overveldande sorg, ho kallar det svartstilla.

Dei tre barna hennar ser at mora ikkje har det bra, men samtidig meiner dei at det  er på høg tid at ho kjem over sorga og kjem seg vidare i livet. Men - ho vil ikkje. Ho saknar at ingen snakkar om mannen hennar. Ikkje barna ein gong. Det er berre ho som treng alle minna.

Det kjem fram at ho alltid har hatt eit mørke i seg, og at mannen hennar var den som opna opp for ho. Ho vil vere i huset der ho kjenner nærværet hans. Ho vil ikkje at dei skal rydde på loftet eller kvitte seg med saker etter faren. Korleis skal ho gje slepp på det lille som er att etter han ho elska?
Vi får fleire tilbakeblikk på livet ho og mannen har hatt saman. Gjennom den gamle kvinnas sorg, får vi ei sterk forteljing om stor kjærleik - og om den stilna som oppstår når eit liv brått tek slutt.

Susanne Skogstad er ein ung debutant, ho har eit poetisk og innhaldsrikt språk som gjer boka vakker å lese.

God bok!

Sigrun Eide
Skjåk folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...