6. mai 2019

Dukken: portrett av en mor

av Ismail Kadare

Cappelen Damm, 2018


I denne romanen tek forfattaren oss med til barndomsbyen Gjirokastër der forholdet mellom ei mor og sonen hennar blir skildra. Det er sonen som har ordet. Mor kjem til Gjirokastër som ung, nygift 17-åring. Saman med familien til mannen sin, skal ho her leve slik det er forventa av henne som husfrue. Ho kjenner seg utrygg og bortkomen i møtet med dei nye pliktene, ikkje minst i høve til svigermor som fylgjer kvar rørsle ho tek, med teaterkikkert. Huset er eit kråkeslott med store rom, blinddører og eit eige fengsel – mor er lett og skjør som ei dukke i pappmasjé. Snart kjenner ho seg òg usikker i høve til sonen; står ho i vegen for sonen sitt kreative strev – og jakta på ei betre forståing av "mysteriet mor"?

"Det sa seg selv at Dukkens forbindelse til huset bare kunne være overfladisk. Hun fortsatte å irritere seg over de storslagne omgivelsene, og forholdt seg stadig nedlatende, (…) Tidligere hadde jeg undret meg over hennes uttalelse om at "huset eter deg opp", for jeg visste ikke hvilken av torturmetodene som var verst: å bli spist sakte men sikkert, dag for dag, eller plutselig å bli slukt." (s. 29-30).

Smakfull og framifrå er denne boka i språk, historieutforming og forteljarrøyst.   

Ismail Kadare blir rekna som Albanias fremste forfattar og har skrive over 50 bøker. Bøkene hans er omsette til meir enn 40 språk. 

Ann Kristin Leirmo
Lesja bibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...