6. juni 2019

Snøen stryk ut alle spor

av Lars Ove Seljestad

Aschehoug, 2019


I ein industriby på Vestlandet har ein tolv år gamal gut vore hos rektor og fått med seg lapp heim som han skal vise til mora.  Det snør og han syklar rundt på kaia med lappen i baklomma med tankar og minne som surrar rundt i hovudet. Han har ikkje gjort noko gale, men han skjønar at det er ei bekymringsmelding.

Han har ingen vener. Faren heldt familien saman, men da han vart sjuk og så døyr, får guten ansvaret for mora og lillebroren Han gjer alt ha kan for å skjerme familien. Han veit at om barnevernet kjem inn i bilete vil han og broren bli skilt frå kvarandre.

Mora er heime og har nok med seg sjølve. Ho festar kvar kveld saman med andre misbrukte og trygda, om natta tar ho dei med seg heim. Om dagen er ho inne, søv, ser ut av vindauget. Ho har også vonde minne : “Den kvite snøen gjer verda mjukare. Viskar ut alle skarpe kantar… er eit strok antiseptisk bomull som stryk bort jordas verkande rifter … Det er slik ho vil ha det. Alt skal vera mjukt. Kvitt. Borte. Alt skal vera avstand”

Dette ein roman om overgrep, omsorgssvikt og mobbing. Romanen handlar om å bli vaksen i ei hard verd. Det er ei trist bok,  men vi kan håpe på at det endar godt for guten og lillebroren.

Hanne Gran
Skjåk folkebibliotek


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...