25. juli 2019

Skår: tredagersroman

av Tommi Kinnunen
Pax, 2019

Jussi, Helmi og Raili - tre vaksne sysken som bur i barndomsheimen tett attmed glasverket, arbeidsplassen heile det vesle bygdesdamfunnet er vakse opp rundt. Faren reiste til Amerika medan borna framleis var framvekstingar, og mora døydde for nokre år tilbake. Kvart av syskena fortel her frå kvar sin dag i livet, frå kvart sitt år. Slik flettast historiane deira saman og skildrar eit vemodig og nært bilete frå ein dramatisk del av den finske historia frå 1949 - 1951.

Jussi slit med stygge anfall prega av vonde hallusinasjonar, og er ein utstøytt einstøing som blir sett til å gjere strøjobbar for ikkje å gå i vegen for dei andre. Lesaren ser derimot styrken Jussi har i livet, mellom anna i å sanse slikt dei andre arbeidarane ikkje har auga for. Då han ein dag er nær ved å drukne i elva, blir han redda av glasblåsarane på verket, men dagen endar likevel skjebnesvangert.

Helmi strevar med å ta vare på dottera Saara etter at ho nyleg har blitt enkje, medan den yngre Raili stiller seg litt utanfor glasverket og framstår som den opprørske, trygge og sterke. Det syner seg fort at ho likevel har sine vanskar å stri med, og at ho plagast med etterdønningar av tragiske omstende tidlegare i livet.

Kinnunen er ein meister i å male fram gode karakterar, og knapt nokon skildrar menneskeleg fattigdom og tragedie betre enn han. Ein særs vellykka roman etter hans tidlegare suksess med "Der fire veier møtes" og "Lyset bak øynene".

Merete Byrøygard
Lom folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...