15. juli 2019

Tegnehanne : blod, svette og tress-is

av Hanne Sigbjørnsen
Egmont, 2017


Hanne Sigbjørnsen, eller Tegnehanne, har skrive og teikna blogg i fleire år, og har vore fast produsent for Aftenposten. Og ho er så morosam! Tegnehanne kjem her med si tredje bok, som også denne gongen er som ein minibiografi. No skriv ho om tida på sjukepleiarstudiet, livet som sjukepleiar og korleis ho trefte sambuaren sin. Og heile boka verkar som ei kjærleikserklæring til sjukepleiaryrket, trass detaljerte skrekkhistoriar om praksistida, utakknemlege pasientar og arrogante leger.  

Tegnehanne skriv fyrst og fremst frå eige liv, men kommenterer også meir eller mindre aktuelle samfunnstema. Ho driv i svært stor grad med sjølvutlevering, og teiknar ikkje alltid eit pent bilete av seg sjølv og sine tankar. Dette er så herleg ærleg, og dei litt stygge teikningane gjer det til ein fryd å lese. 
Dette er midt imellom teikneserie, stand up-komedie, aviskommentar og blogg, og det fungerer som berre det. 

Signe Thoresen Rolstad
Dovre folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...