31. juli 2019

Ut av ensomheten

av Benedict Wells
Press, 2018

Ein heilt vanleg familie med mor, far og dei tre syskena Jules, Marty og Liz har eit godt og trygt liv. 

Men - ein dag blir alt øydelagt. Foreldra døyr i ei trafikkulykke. Historia startar når ulykka skjer og fram til notid, kor dei tre syskena er i 40-50-åra.  

Det er yngstemann Jules, som er 11 år når ulykka skjer, som er bokas forteljarstemme. Dei tre barna veks opp på ein internatskule, og må klare seg sjølve. Jules føler seg svært einsam. Han har ingen venner og han har liten kontakt med syskena sine. Men ein dag kjem den nye, mystiske jenta Alva og sett seg ved sidan av han i klasserommet. Dei blir etterkvart sjelevenner. Ho likar å lese, han å skrive og begge ber på ei stor sorg. 

Åra går  og når dei er ferdige med skulen og skal vidare til universitetet,  ber Jules  Alva om å bli med til München, men noko skjer og han reiser aleine. Dei mistar kontakta, men Jules gløymer aldri Alva, som han ser på som sin store kjærleik. Det går mange år før han tek opp kontakten med Alva att. Når det endeleg skjer har ho gifta seg med ein mykje eldre forfattar Romanov, som ho beundrar grenselaust.

Broren Marty klarar seg bra i livet og verkar uberørt – han sett seg store mål, og blir ein vellykka forretningsmann.  Systera Liz lever livet med stadig nye menn, festing og dop. I bakgrunnen ligg barndommen som ei udetonert bombe.

Den tysk-sveitsiske forfatteren Benedict Wells er ein fabelaktig forteljar, og har med sin fjerde roman toppa den  tyske bestseljarlista i lang tid.

Omsett av Ute Neumann.

Dette er ei nydeleg og alvorleg bok om einsemd, oppvekst og om sterkt samhald. 

God bok!

Sigrun Eide
Skjåk folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...