6. aug. 2019

Vuggesang

av Leïla Slimani, 

Cappelen Damm, 2019


Juristen Myriam og musikkprodusenten Paul vil vere det perfekte paret. Dei vil ha kontroll over karriere, invitere vener på mat- og vinkveldar og gje barna ein god oppvekst. Da dagmamma Louise kjem inn i familien, verkar alt til å falle på plass. Louise tek hand om ungane, lagar mat og blir fort uunnverleg. Plutseleg ein dag slår tragedien ned som eit lyn.

Dette er ein spennande og skremmande roman om tida vi lever i. Den får oss til å tenkje over korleis vi lever liva våre, som foreldre, som mødrer, og syner oss kva som skjer om vi let att augo for omverda – det er gjerne i den private sfæren, i det nære, farane kan lure. Spørsmålet boka krinsar rundt er heller kvifor enn kven; kva driv folk til handling?

Den fransk-marokkanske Leïla Slimani fekk Goncourt-prisen for boka. 

Omsett av Thomas Lundbo.


Ann Kristin Leirmo
Lesja bibliotek


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...