4. sep. 2014

Mississippi


av Hillary Jordan

Som stikkord for denne romanen  vil eg nemne  kjærleik, vennskap, problematikken farga/kvit,  Ku Klux Klan.

Handlinga går føre seg i Sørstatane i USA like etter 2. verdskrig.
Henry får sitt største ynskje oppfylt og kan endeleg kalle seg plantasjeeigar. Saman med kona  Laura og deira to døtrer,  flytter han til «Gjørmehølet»  som Laura har døypt staden der ute i øydemarka.
Langt frå sin eigen familie og sivilisasjonen,  prøver Laura å skape eit godt liv for seg og familien. Det er ikkje enkelt med den brutale svigerfaren  Pappy,  både Laura og resten av familien lir under Pappy sine utbrot.
Når svogeren Jamie vender heim frå krigen blir tilvere mykje lettare for Laura, og etter kvart oppstår det varme kjensler  mellom dei.
Den svarte forpaktarfamilien har ein son,  Ronsel,  som òg har delteke i krigen i Europa.  Jamie og Ronsel  har ein bakgrunn i krigens skrekk og gru som gjer at dei tyr saman.  Dette fell ikkje i god jord og det ender med forferdelege  handlingar av menneske som står familien nær på mange måtar.

Denne boka er både engasjerande, spennande og ikkje minst opplysande med tanke på korleis farga vart behandla. 
Ei bok som rørte ved heile kjensleregisteret  mitt.
 Grethe Stavheim Mømb
 Lesja bibliotek
 

1 kommentar:

  1. Så "tok" du den fra meg, Grethe. Jeg tenkte å omtale den neste gang. Slutter meg derfor til anbefalingen. Den som likte Bienes hemmelige liv og Barnepiken, vil nok like denne også, men jeg opplevde den som mer gripende og bedre på flere vis. Andre halvdel er en pageturner som ga meg noen søvnløse nattetimer. Selv om fortellingen er fiktiv så avspeiler den virkeligheten slik den var for mange.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...