18. mai 2015

Isbrann

av Kjersti Kollbotn


Knut og Sissel flyttar frå eit hektisk byliv til eit småbruk på landet. Knut vil leve på gamlemåten. Her vil han lære det som må til for å drive garden enten det gjeld vedlikehald, vedhogst eller lamming. Han er oppteken av å stelle godt med dyra. Alt skal gjere han sterkare både i kropp og sinn, men «det gode liv på landet» blir langt frå som tenkt. Vatnet frys, ekstrajobben på byggjesakskontoret vil han helst kvitte seg med. Etter kvart blir problem i samlivet meir synlege. Knut har ei dotter frå tidlegare forhold, han ynskjer ikkje fleire barn. Samstundes tikkar den biologiske klokka til Sissel…
Romanen er velskriven, presis og beint fram i språket. Det er ingen koseroman, men ein roman som utfordrar nett i at den er ubehageleg å lese og får oss til å undre. Dei direkte og til dels rå skildringane skapar ei indre uro i lesaren, og nett difor vil lesaren fortsetje ut romanen. Språket er med og understrekar alvoret om kor samansett eit forhold mellom mann og kvinne kan vere, kampen for å finne plassen i tilværet og ein mann si leiting etter sjølvbiletet, der undertrykking og utestenging diverre er tydeleg.  
«Han stiller seg bak Hillary, stikk henne med kniven i eine låret, vil at hesten skal slå, og at baksparket skal få magen hans til å breste. (s. 83). (…) Kome på jobb, helse på folk (…) , lese aviser, le. Alle er synleg fri for sorg. (…) I han raslar små og store ras.» (s. 104)

Ann Kristin Leirmo
Lesja bibliotek

1 kommentar:

  1. hei, jeg er en stor fan av bloggen! Jeg har startet å lese denne boken (isbrann) men jeg har et lite problem. Som du nevnte så er boken ganske ubehagelig å lese, så jeg har ikke kommet så langt enda. Men jeg har en innlevering i dag der læreren vil at jeg skal snakke om boken. Kan du være så snill p gi en mer nøyaktig diskripsjon av boken? Jeg hadde virkelig satt pris på det! <3

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...