10. des. 2013

Svar på brev frå Helga

av Bergsveinn Birgisson


Dette er ein liten roman skriven i brevs form, roman om ei verd sett gjennom auga til den tilårskomne bonden Bjarne. Her talar Bjarne til kvinna si, Helga. Han ser med ei slik erotisk lengt attende til deira korte og hektiske kjærleiksliv dei i ungdommen hadde. Dei var naboar med kvar sin gard ute i ødet der på Island. I tillegg til å vere bonde, var Bjarne òg fôrtilsynsmann, og med det hang eit ansvar med å sjekke sauehaldet på gardane, deribland nabogarden… Med slik ei handfaring av søyene Bjarne da hadde i sitt tilsyn, kan ein berre tenkje seg resten… Litt bygdesnakk ifletta små islandske forteljingar, sett inn i ein humoristisk språktone, men akk med litt smerte; ja, da blir resultatet lett spenstig lesnad på kjølige vinterkveldar. For kva er vel ikkje meir naturleg å samanlikne ho Helga med, enn med dei jordlege tinga i ein bonde sin kvardag, som…, ja, akkurat…; ein traktor: «Sjå no, kor grunne tankar eg har, Helga, å samanlikna deg, ung og berr, med ein traktor.(…) Du var ein vedunderleg traktor (s.53).» Lenge leve ny islandsk brevsogelitteratur…

Romanen vart tildelt den islandske bokhandlarprisen i 2010 og innstilt til Nordisk Råds litteraturpris i 2012. Boka er dramatisert og tenkt filmatisert.


Ann Kristin Leirmo
Lesja bibliotek, hovudbiblioteket
 





 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...