av Isabel Allende
I denne romanen er det mange parallelle historier fram og tilbake i tid. Hovudpersonane er Alma og hennar familie og Ichimei.Familien til Alma er polske jødar. Når 2.verdskrigen tek til i Polen blir Alma sendt til San Francisco for å bo hjå slektningar der. Ho blir ven og kjæraste med Ichimei, sonen til den japanske gartnaren. Etter det japanske angrepet på Pearl Harbor blir Ichimei og hans japanske familie fiendar av USA og dei to blir brutalt rivi frå kvarandre. Den japanske busettinga i California blir øydelagt og det blir oppretta interneringsleirar for japanarane i ørkenen i Utah.
Når Alma og Ichimei møter kvarandre opp gjennom åra må dei alltid skjule kjærleiken. Det kan aldri bli dei to. Alma giftar seg med fetteren Nathaniel, får barn og eit langt liv.
Når forteljinga tek til er Alma 74 år og bur på aldersheimen Lark House i San Francisco. Her bur det hippiar, fritenkarar og spirituelle, det blir servert økologisk mat og alle kan leve eit fritt liv.
Livet til Alma blir fortalt gjennom den unge pleiaren Irina frå Moldavia og barnebarnet Seth. Både Alma og Irina ber på hemmelegheiter.
Boka er lettlese og innom mange tema. Det er dyster historie, kjærleik, humor og livsglede.
Hanne Gran
Skjåk folkebibliotek
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar