10. apr. 2014

Rømlingen

av Alice Munro


I opningsnovella i "Rømlingen" av Alice Munro, møter vi eit ungt par. Jenta er heilt i hans vald og på tur til å bli øydelagd. Ho greier ikkje å lausrive seg og koma ut av det destruktive forholdet.. Ein føler undervegs ei veksande uhygge og ei aukande frykt for at eitkvart frykteleg vil skje.

I tre av novellene møter vi Juliet. Fyrst som ung der ho møter sin komande ektemann. Seinare som ung mor  der ho tek ungen med seg og reiser på besøk til foreldra sine. Til sist møter vi ei eldre og einsam Juliet med vellykka karriere, men med ei vaksen dotter som ikkje vil ha kontakt med mora si.

Munro er kjend for å skrive lange, innhaldsrike noveller, nesten miniromanar. Ho evnar å presentere situasjonar og personar på ein slik måte at dei går under huda på lesaren. Ho skriv jordnært om kvardagslege hendingar som lesaren kjenner seg att i. Ho skildrar relasjonar, mann og kvinne, foreldre og barn, venninner, på ein særs presis måte. etter å ha lese "Rømlingen" vart eg ein stor fan av den kanadiske forfattaren. Eg tykkjer ho skriv fantastisk godt og eg anbefaler bøkene hennar på det varmaste. Alice Munro er den leiande forfattaren innan novellesjangeren og inspirerer forfattarar over heile verda. Ho fekk Nobelprisen i litteratur for novellekunsta si i 2013.

Torill Iversen
Lom folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...