av Hillary Jordan
Som stikkord for denne romanen vil eg nemne kjærleik, vennskap, problematikken farga/kvit, Ku Klux Klan.
Handlinga går føre seg i Sørstatane i USA like etter 2. verdskrig.
Henry får sitt største ynskje oppfylt og kan endeleg kalle seg plantasjeeigar. Saman med kona Laura og deira to døtrer, flytter han til «Gjørmehølet» som Laura har døypt staden der ute i øydemarka.
Langt frå sin eigen familie og sivilisasjonen, prøver Laura å skape eit godt liv for seg og familien. Det er ikkje enkelt med den brutale svigerfaren Pappy, både Laura og resten av familien lir under Pappy sine utbrot.
Når svogeren Jamie vender heim frå krigen blir tilvere mykje
lettare for Laura, og etter kvart oppstår det varme kjensler mellom dei.
Den svarte forpaktarfamilien har ein son, Ronsel,
som òg har delteke i krigen i Europa.
Jamie og Ronsel har ein bakgrunn
i krigens skrekk og gru som gjer at dei tyr saman. Dette fell ikkje i god jord og det ender med
forferdelege handlingar av menneske som
står familien nær på mange måtar.
Denne boka er både engasjerande, spennande og ikkje minst
opplysande med tanke på korleis farga vart behandla.
Ei bok som rørte ved heile kjensleregisteret mitt.
Ei bok som rørte ved heile kjensleregisteret mitt.
Så "tok" du den fra meg, Grethe. Jeg tenkte å omtale den neste gang. Slutter meg derfor til anbefalingen. Den som likte Bienes hemmelige liv og Barnepiken, vil nok like denne også, men jeg opplevde den som mer gripende og bedre på flere vis. Andre halvdel er en pageturner som ga meg noen søvnløse nattetimer. Selv om fortellingen er fiktiv så avspeiler den virkeligheten slik den var for mange.
SvarSlett