av Maren Uthaug
Romandebutanten
Maren Uthaug er halvt samisk, halvt norsk og oppvaksen i Danmark, akkurat som
hovudpersonen i boka, Risten. Men sjølve dramaet i boka er ikkje sjølvbiografisk
i følgje forfattaren.
Norske
Knut og samiske Rhitta skil lag og Knut tek med seg dottera Risten og dreg frå
Kautokeino til si nye venninne Grethe i Sønderjylland. I bagasjen ber Risten
med seg sine samiske røter. Bestemoras sterke tru på dei underjordiske, respekten for
nordlyset - og at sølv beskyttar. Men mest av alt ber ho med seg kjensla av å
ikkje høyre til.
«Inntil hun flere år etter hadde lært dansk med perfekt
uttale, utviklet hun et ordforråd som var støvsugd for ord med «r» Rød var ikke
lenger en mulighet som yndlingsfarge dersom noen ville vite det. Og ble hun
spurt hvor mye to pluss to var, påsto hun uten å blunke at det var fem og ikke
fire. Det var bedre å være dum enn å være annerledes»
Risten får
ikkje noko godt forhold til den misforstått velmeinande adoptivmora men
i kjellaren husar Grethe nokre vietnamesiske båtflytktningar og blant desse er
Niels, ein gut som kjenner seg like framand og aleine som Risten. Eit varmt venskap og sterke band
veks fram mellom desse to.
Først som
vaksen møter Risten att mora si i Norge. Dette møtet blir ikkje som forventa og
det viser seg at ikkje noko var som Risten hadde trudd.
Uthaug skildrar menneskelege handlingar og
drifter rett fram og utan filter. Tematikken i boka er alvorleg men ofte ispedd
svart humor. Her er ingen romantisering rundt den samiske kulturen, snarare tvert
i mot. Nokre av karakterane står fram som nærmast karikerte og mistar etter mi
meining noko av truverde, men alt i alt er dette ein medrivande og interessant
leseoppleving som eg kan anbefale.
Tove Jøndal
Hjerleid bibliotek
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar