av Sue Monk Kidd
Historia startar i Charleston i South Carolina 1803. Den velståande og høgt respekterte dommarfamilien Grimké feirer fødselsdag; Sarah, barn nummer fem i ein søskenflokk på ti, fyller elleve år. I gåve av sine foreldre får ho den jamaldra slavejenta Hetty, ei gåve ho på det sterkaste forsøker å avslå. Sarah er ikkje heilt som andre unge rike jenter i si samtid; ho drøymer om å studere jus og blir etterkvart ein forkjempar for å avskaffe slaveriet.
Slavejenta
Hetty og mor hennar har på si side vanskar med å leve etter dei kvites strenge
regime, og drøymer om eit tilvære utanfor Grimkés porter. Dei motsett seg i det
stille den autoriteten dei dagleg blir utsette for og forsøker så godt dei kan
å verne om sin eigen identitet og integritet. Hetty og Sarah utviklar eit
spesielt venskap og ei felles forståing for kvarandres problem; «Kroppen min er
en slave, men ikke tankene mine. For deg er det motsatt».
Vi følger jentene, deres vennskap og deres
kamp, i ei tidsperiode som spenner seg over 35 år. Dette er ei historie om
stort mot, fridomslengsel og ein sterk trong til å bryte med samfunnets
fastlåste kvinne og menneskesyn.
Boka
bygger på ei sann historie om personar som har levd i verkeligheten. Sarah
Grimké og hennar søster, Angelina Grimké, var dei første kvinnelege
forkjemparane for avskaffelsen av slaveriet. Søskenparet var i tillegg pionerar
innan den feministiske tankegangen i Amerika og har i historisk forstand
bidrege til den vestlege sivilisasjonens utvikling. Dette gjer boka enda meir interessant. Det er
ei velskrive,
spanande, og
engasjerande historie.
Tove Jøndal
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar