av Mieko Kawakami
Natsu bur i eit lite husvære i eit av Tokyo sine nedslitne
strok. Ho får besøk av storesystera Makiko og dottera hennar, Midoriko. Makiko jobbar til vanleg som vertinne på ein
snackbar. Jobben inneber å vere omgjengeleg med kundar og syte for at dei drikk
og et så mykje som mogleg. Medan Makiko er besetjande kroppsfiksert og har eit
brennande ynske om å forstørre brysta, har Midoriko slutta å snakke. Kommunikasjonen
dottera har med omverda, skjer kun gjennom notat i ei bok. Kortromanen viser
kvardagssituasjonar dei kvinnene i mellom, og spinn heile tida rundt det
eigentlege problemet. Midoriko er i utviklinga til å bli kvinne, og tankane hennar til kropp og andre problem, kjem fram gjennom dagboksnotata i teksten. Kva
kjem så kroppsfikseringa til mora av? Og kva gjer det med dottera?
Romanen kan
lett lesast isolert og tolkast som ei forteljing om eit vanskeleg
mor-dotter-forhold, men til romanen fylgjer eit fyldig etterord av omsetjar. Med
dette i bakhand let det seg vanskeleg gjere ikkje å sjå romanen i ein større
historisk kontekst, den knyter fortid og samtid. Dette visast gjennom den
teikna røyndommen i boka, både sosialt og økonomisk. Samtidig kan eit litteraturhistorisk
perspektiv speglast gjennom tematikken, språket og bruken av namna, i følgje
omsetjar. Han meiner at i bakgrunnen ligg det her henvising til, kjent i alle
fall for den japanske lesar, den kjente kvinnelege forfattaren Ichiyõ Higuchi
og ei av hennar viktigaste noveller; «Takekurabe». Kortromanen gjev eit godt bilete
på det å vere kvinne og ikkje berre ha ein kvinnekropp, kva økonomisk stilling og posisjon det måtte innebere.
Eit ynske om
frigjering er nok stort, men langt frå synleg.
Ann Kristin Leirmo
Lesja bibliotek
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar