av Per Qvale
Bokvennen , 2016

Etter 27 år kjem ho heim til Sverige, der ho flyttar inn i kårstua på garden til systera og mannen hennar. Kvar sommar har ho stor festivitas i kårstua den 4. juli, men ikkje av den grunn lesaren først trur. I tillegg står ho kvar einaste dag heile året nede ved postkassen og ventar på brev frå Amerika, ventar på kjærleiksbrevet ho er viss på ein dag må koma frå Mr. Kellogg...
Med sine vidunderlege lansdskapsskildringar av den värmlandske naturen, har Qvale her skapt ein vakker roman sterkt knytt til landskapet, årstidene, blomane, fuglane og det såre i menneskesinnet. Ei lita perle av ei bok, frå ein forfattar som tidlegare i all hovudsak har oversett andre sine bøker. Måtte han berre kome med fleire frå sin eigen produksjon!
Merete Byrøygard
Lom folkebibliotek
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar