av Gunnar Gunnarsson
Samlaget, 2016
Den djupt religiøse gjetaren Benedikt har kvar adventstid dei siste 26 åra skapt si eiga kyrkjegonge ved å gå opp i fjellet og sanke bortkomne sauar. Hunden Leo og væren Knasten har i lang tid vore dei trufaste følgjesveinane hans, og den umake treeininga får tankane til å vandre mot Jesus som samlar lamma sine. Denne vinteren blir vandringa i fjella tyngre for den aldrande Benedikt, og veret herjar hardt med både han og hjelparane hans. Trufast kjempar han likevel vidare, styrka av det ubrytlege bandet mellom dyr og menneske. Den storslegne naturen med dei ville kreftene blir mana fram i eit kraftfullt, poetisk språk, oversett til ein finstemt, særeigen nynorsk av Oskar Vistdal.Trass i at denne romanen er ei bok som veg lett i handa og har små og få sider, er det likevel ei perle med så mykje symbolikk og sjeldne språklege vendingar at ein kan forsyne seg på nytt og på nytt, og nyte historia i lange drag.
Islendingen Gunnar Gunnarsson skreiv den korte romanen Advent så langt attende som i 1937, og boka vart i USA oversett med tittelen Den gode hyrde. Ei stor forteljing i lite format, som kan lesast heile året.
Merete Byrøygard
Lom folkebibliotek
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar