av Clarice Lispector
Bokvennen, 2016
Vi møter den
sterke, rebelske og uavhengige Joana som giftar seg med Otávia, men ho har
vanskeleg for å finne seg til rette i ekteskapet. Vi får òg møte Otávia sin
tidlegare kjæreste Lídia, men i motsetnad til Joana, er Lídia, viljug til å
gifte seg og få barn. I boka får vi følgje Joana si indre kjensleverd
der ho kastar seg ut i alt ho ikkje skjønar ut or livet, der ho nok ventar på
noko som aldri kjem. Boka blir ei uvanleg iakttaking av livet som eit mysterium;
kva livet kan bestå av og består av. Denne iakttakinga er både filosofisk,
sanseleg og kjenslesterk, samstundes direkte og uraffinert. Boka skil seg
vesentleg ut og er noko anna enn det eg har lese tidlegare i allefall; ei
kjensle av mystikk.
Boka vart sett på som moderne og original da ho kom ut i si tid. Clarice Lispector reknast i dag som ein av dei viktigaste forfattarane i verdslitteraturen.
Omsetjar: Anne Elligers
Boka vart sett på som moderne og original da ho kom ut i si tid. Clarice Lispector reknast i dag som ein av dei viktigaste forfattarane i verdslitteraturen.
Omsetjar: Anne Elligers
Ann Kristin Leirmo
Lesja bibliotek
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar