20. des. 2018

I min fars hus

av Ingegerd Henriksen
Juritzen forlag, 2018


Å lese om den fem år gamle jenta Catharin i denne boka gjorde forferdeleg vondt, og ekstra brutalt når ein veit at forfattaren byggjer forteljinga på eigne opplevingar. Ingegerd Henriksen debuterer i ein alder av 70 år med ei sterk og viktig bok om seksuelle overgrep mot barn.

Far til Catharin utdannar seg til prest, men heime er han ein grusom overgripar som misbrukar den vesle dotter si frå ho er bitte lita. Mora framstår som eit maktstole vitne til overgrepa, men grip aldri inn, på lik line med dei mange andre som har mistanke om at eitkvart er veldig gale i presteheimen. Berre saman med besteforeldra kjenner Catharin seg trygg, og då ho får ei veslesyster, tek ho på seg ansvaret for å verne veslesystera mot dei grove overgrepa ho ser faren også vil gjere mot babyen.

Romanen er fortalt gjennom eit naivt, barnleg språk i forteljarstemma til velse Cathrin, som er livredd ho ikkje får fylle seks år;
"Kanskje jeg kan late som jeg er mer enn fem år; kanskje jeg kan late som jeg er Maja. Kanskje far ikke dreper meg da, og jeg blir seks år." (s. 28-29)

Ei urovekkjande historie om ei jente ein ikkje gløymer, ein roman om eit fælsleg viktig tema. Lett å lese, vond å fordøye, og uhyre viktig å snakke om!

Merete Byrøygard
Lom folkebibliotek




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...