23. juli 2014

En duft av kanel

av Samar Yazbek


Damskus, Syria

I sentrum for handlinga står to kvinner, den middelaldrande og velståande  Hanan Al-Hashemi og tenestejenta Aliya. Aliya vart selt til Hanan og mannen hennar som ti-åring av sin far for å unngå slummen. Det oppstår eit erotisk og komplisert forhold mellom desse to kvinnene.

Ei natt overraskar Hanan mannen sin i seng med tenestejenta Aliya. Hanan blir sint og blind av sjalusi. Ho kastar Aliya ut av huset, men ho angrar seg med ein gong. Aliya bestemmer seg for å oppsøkje sin gamle familie som ho vart reve bort frå som ung jente.

To svært forskjellige livshistorier blir fortalt. Boka handlar om at dei  to kvinnene, som med ulike utgangspunkt, tenkjer tilbake på livet sitt som har vore brutalt, og korleis  forholdet mellom dei oppstod. Alt dette blir fortald mens ei sørgjande Hanan Al-Hashemi vandrar kvilelaust rundt i huset sitt, og Aliyah som går med små skritt på vei tilbake til sin gamle heim og ei usikker framtid.

En duft av kanel er ei spennande  forteljing, eit djupdykk ned i eit komplisert erotisk forhold mellom to kvinner, men samtidig eit interessant bilde av ulike liv i Damaskus. Det er ei svært sanseleg bok.
Forfattaren Samar Yazbek har fått pris for å ha vist ekstraordinært mot for å verne om ytringsfridom - PENs Tucholskypris 2012.

Sigrun Eide
Skjåk folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...