11. aug. 2016

Irma Dahl - den dedikerte begravelsesagenten

av Kristine S. Henningsen

Irma Dahl jobbar som telefonvakt hos Kirkens SOS-telefon, etter at ho har mista jobben som sjukepleiar på grunn av feilmedisinering av ein pasient. Irma er særskilt oppteken av døden, og ventar stendig på den "rette" telefonen -frå ein heilt seriøs sjølvmordskandidat.                                                                                                                                                                        
I påvente av "storfisken" får Irma kloa i jobben som ekstravakt hos gravferdsbyrået Wulffs, og kjenner det som at ho avanserer i dødens teneste. Ho går inn i jobben med stor iver og eit grensesprengjande engasjement; ho tek til med styrketrening for å bli sterkare til å bere kister, nyttar fritida på ekstra kundepleie, og spionerer på konkurrenten Lycke Hansen AS. Det blir råkøyring av likbil med last for å nå skuleavslutning, bering av alt for tunge lik ned tronge trappeoppgongar, og henting av gravstein i Valdres på nyttårseftan.                                                                                                                                                                                  
Gode doser morbid humor, krydra med dei mest underfundige sprell og dødsinspirerte påfunn, gjer denne boka til ei humrande oppleving. Leikande lett språk og pinlege scener gjev god framdrift og gjer lesinga fornøyeleg, utan å by på dei heilt store, litterære verdiane. På slutten av boka får lesaren innblikk i den urovekkjande bakgrunnen til hovudpersonen, men dette forblir noko mystisk. Kjennskapen med den godeste Irma Dahl er derimot ei sjeldan humoristisk oppleving!

Merete Byrøygard
Lom folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...